Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Gårsdagens aadlandske femkamp samla stor deltaking av friidrettsfolk i alle aldrar, og mange nytta høvet til å ta idrettsmerket. 

Aadlandsk femkamp har etter kvart blitt ein god tradisjon kvar sommar på friidrettsbanen i Fitjar Idrettspark.

Friidrettstrenar Bård Inge Bø har sendt oss ei oversikt over alle deltakarane og resultata. Det viser seg at heile ti av deltakarane greidde alle krava til idrettsmerket for 2018.

I tillegg stilte ein god yngre utøvarar opp og oppnådde fine resultat i einskildøvingar.

Friidrettstrenaren har laga ei oversikt over resultata i øvingane stille lengde, 60 meter, 3000 meter og kule/styrke. Den avsluttande diskosøvinga i det nye kastburet i Fitjar Idrettpark blei ikkje målt.

Dan Torbjørnsen (44): 240 cm, 8,7 sekund, 13.23 minutt, styrke
Bård Inge Bø (41): 260 cm, 8,4 sekund, 10.59 minutt, 8,98 meter
Jostein Enger (44): 240 cm, 8,8 sekund, 12.04 minutt, 7,28 meter
Silje Vågen Torbjørnsen (43): 190 cm,10,5 sekund, 14.28 minutt, styrke
Marius Torbjørnsen (15): 241 cm, 8,5 sekund, 17.17 minutt
Marius Pedersen (11): 198 cm, 9,3 sekund
Halvor Aga (13): 186 cm, 9,8 sekund, 12.09 minutt
Tor Håkon Aarbø (16): 232 cm, 8,8 sekund, 12.04 minutt, styrke
Anna Sandvik Bø (14): 194 cm
Nina Aarbø Olsen (33): 194 cm, 9,4 sekund, 11.05 minutt, 6,35 meter
Guro Dalen (7): 140 cm
Jonas Dalen (9): 160 cm
Eirik Torbjørnsen (13): 201 cm, 9,3 sekund, 12.28 minutt
Silas Aarbø Olsen (5): 129 cm, 14,8 sekund
Jenny Dalen (43): 193 cm (stille lengde)
Rolf Vik(58): 209 cm, 9,9 sekund, 13.01 minutt, styrke
Marianne Aarbø (49): 160 cm, 10,9 sekund, 16.42 minutt, 598,20 cm
Olve Torbjørnsen (6): 112 cm (stille lengde)
Solfrid Sandvik Bø (41): 170 cm, 9,9 sekund, 14.07 minutt, styrke
Johannes Sandvik Bø (12): 9,7 sekund (60 m)
Svein Aarbø (54): 210 cm, 9,7 sekund, 13.20 minutt, styrke
Tori Torbjørnsen (9): 17.17 minutt (3000 meter)
Kjetil Rydland (63): 6, 64 meter (kule 7,256 kg)

I tillegg var desse med utan at det blei registrert noko resultat på dei:
Bjart Sandvik Bø (11), Klara Olsen Aadland (9), Bergliot Aarbø Olsen (7) og Gard Sandvik Bø (7).