3b ved Rimbareid skule hadde ein fantastisk kjekk avsluttingstur før sommaren til dei kalde og spennande gruvene på Litlabø.

Det var onsdag sist veke at elevane i 3b saman med foreldre og lærar iførde seg varmedressar og hjelmar og sette seg på gruvetoget for å ta vegen inn i det kalde og mørke fjellet, medan sola skein og varma på utsida. 

Gruvemusset på Litlabø er til minne om Stordø kisgruber der det var gruvedrift frå 1865-1968. Venelaget for Gruo har i mange år drive flittig dugnadsarbeid for å ta vare på gruvehistoria på Litlabø, og dei har no og fått opna opp att ein del av den gamle gruva ca. 300 meter inn i fjellet. Inn hit fekk dei spende elevane og dei lika spende foreldra ta turen, først med gruvtoget og så eit stykke til fots. Det var kjempe spennande å gå der inne i gangane, koma inn i dei store romma og å høyra karane i venelaget fortelja om aktiviteten som har føregått inni fjellet her. Åååå, åååå, ååå, vart det utbrote titt og ofte, medan hovuda lente seg til bake så dei skulle sjå bedre, og nokre hjelmar dunka i bakken. Dette var verkeleg interessant og spennande.

Etter at turen vart avslutta i den blå grotta der elevane song så flott Du er helt unik til dugnadskarane, takka dei for turen og sa at omvisinga var over. Elevane såg litt molefonkne ut, men strålte opp og jubla YESSS!, då Svein Jæger Koppang annonserte at dei sjølvsagt skulle få ein siste køyretur i gruvetoget først. 

Dette var ei heilt fantastisk oppleving, var både elevane, foreldra og læraren einige i. Og opplysninga om at det finst gruver på Fitjar og, det var ukjend for så godt som alle, og var noko i alle fall dei vaksne ville heim og undersøkja nærare. 

Sjølv om dette var ein avsluttingstur for 3. klassingane har dei endå nesten ein månad igjen på skulen før dei tek sommarferie 22. juni.