12.-14.oktober (siste helga i haustferien for dei med skuleborn) blir det «Fitjarweekend» igjen på Brandøy.


-Fitjar Indremisjon arrangerte i fleire år Fitjarweekend til Sætervika før det blei pause nokre år. Men for eit par år sidan var det ein heil gjeng som drog til Brandøy og hadde ei kjempehelg der. No er det klart for gjentaking av suksessen, fortel Kjerstin Stokken til fitjarposten.no.

Me får vidare vite at Jens Tveit blir med som talar, og at det blir samlingar både for dei minste, vaksne, og for vaksne og ungar i lag.

Brandøy er ein super plass på Bjoa, der det ligg godt til rette for mange kjekke aktivitetar. Unge og gamle, familiar og einslege er alle veldig velkommen til å bli med!

Påmelding til Kjerstin Stokken, mobil 900 80 776 eller epost: kjerstin.stokken@haugnett.no 
(Fortløpande påmelding til det er fullt frå no).


For meir info om prisar kan ein gå inn på Fitjar Bedehus sine nettsider: www.fitar-bedehus.no (Du finn også Fitjar Bedehus på facebook)