Fitjartrenar Jan Åge Tislevoll føler seg litt snytt i dag. Foto: FP-arkiv/KR.

Morgondagens motstandar, Tornado Bergen, greier ikkje å stilla lag, og difor er seriekampen avlyst.

Det er ein litt slukøyra Fitjar-trenar, Jan Åge Tislevoll, som melder dette i dag.

Han fortel at motstandarane har gjort så godt dei kunne for å stabla på beina lag til i morgon, men utan å lukkast.

Me som har gledd oss til fotball i Fitjar Idrettspark, må dermed finna på noko anna i morgon ettermiddag.

Gode forslag til kjekke ting å gjera på i helga finn du i denne artikkelen på Fitjarposten.

 

- Annonse -