Fitjar vann den jamne bortekampen mot Fusa Fotball med 2-1 søndag ettermiddag.

Dermed fekk A-laget til Fitjar ein god start på haustsesongen, og kan kanskje sjå meir oppover enn nedover på tabellen. Første omgang hadde Fitjar godt tak på, og det var eigentleg litt unødvendig at dei lét Fusa scora først. Men etter vel 20 minutt var det ope i Fitjar-forsvaret, og brått stod det 1-0 til heimelaget.

Knapt 10 minutt seinare kom ei velfortent utlikning ved Mats Brakedal. Eit fint skot under keeper, etter ei minst like fin pasning frå Øyvind Fykse Lie. Sistnemnde var og involvert i 2-1-målet til Fitjar, som kom knapt to minutt etter. Ein fin corner hamna på hovudet til Lars Andreas Larsen, og derfrå gjekk ballen i mål.

Leiinga 2-1 til pause var absolutt fortent, og Fitjar hadde god kontroll utover i 2. omgang. Men etter kvart som regnet auka på og banen blei glattare, blei det meir og meir hektisk framfor målet til Oddgeir Træet. Med god innsats frå heile laget reid Fitjar stormen av, og kunne stappa tre poeng i bagen før den lange heimturen over Tysnes.