A-laget til Fitjar var tilbake på vinnarsporet fredag kveld, då dei slo Olsvik så klart som 5-0.

Fitjar vann ein klar og velfortent siger over Olsvik på grasbanen i Fitjar Idrettspark fredag kveld. Trenar Kjell Træet melder om ein godt gjennomført kamp med god kontroll frå start til mål. Han er ekstra nøgd med at dei klarte å halda nullen i ein heil kamp igjen, det er lenge sidan sist.

Nøytrale rapportar frå kampen fortel også at Fitjar var klart best, og det meste fungerte i første omgang. Etter pausen blei det meir sjansesløsing. Men Fitjar var flinke bakover, og sleppte Olsvik til veldig få scoringssjansar.

Kjell fortel til Fitjarposten at spelarane forstod alvoret. Dette var ein kamp som måtte vinnast. Dagens Fitjar-spelar blei Øyvind Fykse Lie. Eit skår i gleda for Fitjar-trenaren var at nettopp Øyvind fekk sitt tredje gule kort, og må stå over neste kamp i 5. divisjon.

Fitjar stilte med dette laget:
Oddgeir Træet, Bernt-Ove Maraas (Leif André Tangen frå 69. min.), Martin Vestbøstad (Kåre Olav Skram frå 78. min.), Nils Ingard Tislevoll, Helge Træet, Kjell Træet (Torbjørn Korsvik frå 45. min.), Kjell André Thorland (Emil Fitjar frå 62. min.), Øyvind Fykse Lie, Lars Engelsen (Lars F. Waage frå 69. min.), Jan Åge Tislevoll (Geir Steffen Tranøy frå 78. min.), Thomas V. Waage.

Måla kom slik:
1-0 Jan Åge Tislevoll (3. min.), 2-0 Helge Træet (14. min.), 3-0 Øyvind Fykse Lie (25. min.), 4-0 Martin Vestbøstad (44. min.), 5-0 Øyvind Fykse Lie (70. min.).