Fitjar sitt A-lag vann ein klar 4-1-siger mot NHH 2 i Bergen tysdag kveld, og held følgje med teten i 5. divisjon.

Det var ein fornøgd Fitjar-trenar, Kjell Træet, som kunne melda om tre velfortente poeng då han kom heim frå Bergen i kveld. Han fortel om god laginnsats, alle spelte godt, men han vil spesielt framheva dei to defensive midtbanespelarane Helge Træet og Kjell André Thorland.

Starten av kampen var ikkje så mykje å skryta av, fortel Kjell.

– Dei første 20 minutta var prega av dårlege ballmottak og like dårlege pasningar. Men etter kvart fekk dei tak på kampen, og fekk to mål i andre halvdel av første omgang. – Desse to måla var reine perler, som kom etter fint pasningsspel, fortel Fitjar-trenaren.

– I andre omgang hadde me god kontroll, seier Kjell, alle spelarane viste god vilje, og me klarte å halda opp trykket og produsera mange fine angrep. Det blei berre to mål til, men etter det me forstår på Fitjar-trenaren, kunne det lett ha blitt fleire. Spesielt var Thomas V. Waage farleg frampå gong på gong. Men 4-1-sigeren er naturlegvis eit svært godt resultat for Fitjar, som dermed held bra følgje i toppen av 5. divisjon.