A-laget til Fitjar er allereie klart for 5. divisjon til neste år, og laurdag ettermiddag blei me vitne til eit nytt stortap på graset i Fitjar Idrettspark. Smørås-spelarane gav seg ikkje før dei hadde scora 11 mål utan at Fitjar klarte å få inn eit einaste trøystemål.

1. omgang var relativt jamspelt, og det stod berre 0-2 ved pause. Fitjar-spelarane hadde muligens hjelp av medvinden. I alle fall blei alt mykje verre i 2. omgang, då dei fekk vinden imot.

Smørås-spelarane var på jakt etter flest mogeleg mål, etter som dei kan få bruk for målforskjellen i kampen om opprykk. Fitjar hadde lite å by på, og måtte sjå heile 9 mål renna inn i 2. omgang.