Os 2 var ikkje noko stort lag – dei mønstra nok ikkje det sterkaste mannskapet dei kunne. Men dei var meir enn sterke nok til å slå Fitjar. 3-1 vann gjestene, og det er eit resultat Fitjar må vera fornøgde med. Tapet kunne lett blitt større.

Etter ein jamspelt – om ikkje velspelt – første omgang gjekk Fitjar på banen utan Kjell Træet etter pause. Det skulle snart visa seg å gi resultat feil veg. Fitjar miste taket på kampen, og før det var gått 10 minutt, hadde dei sleppt inn to lettkjøpte mål. Dermed var kampen i realiteten avgjort.

Det 3. målet til gjestene kom på eit velplassert langskot frå 25 meter. Eit flott mål, nærmast lukketreff. Eit flott mål var også reduseringa til Fitjar. Først skaut Leif Tore Aarland eit kjempeskot som keeper så vidt fekk slege til corner. På corneren gjekk Jan Åge Tislevoll opp og heada knallhardt i mål. Ein god prestasjon!

Bortsett frå målet hadde Fitjar lite å visa fram i 2. omgang. Os 2 vann ein velfortent siger, sjølv om dei nok ikkje mønstra det sterkaste mannskapet dei kunne.