Etter  ein relativt jamspelt kamp mot Solid i Hustredalen laurdag ettermiddag måtte A-laget reisa heim med 0-4 i bagasjen.

Kampen mot topplaget Solid var mykje jamnare enn resultatet kan tyda på. Men personlege feil i forsvaret til Fitjar blei avgjerande. Det første målet kom etter 19 minutt, og var litt heldig mot ein Fitjar-keeper på halvdistanse. Og mindre enn eitt minutt seinare spelte Solid seg kjapt gjennom og scora eit fint mål. Dermed var eigentleg kampen avgjort. I alle fall var den avgjort nokre minutt seinare, då Solid snappa opp ein fatal feilpasning i Fitjar-forsvarret. Ein gammaldag «Jesper Olsen» frå 1986 blei snappa opp av ein «gribb» frå Solid, og det måttte bli mål.

Også 2. omgang blei nesten heilt jamspelt, men det hindra ikkje Solid å putta på endå eit mål. Før solreven tok begge laga. Ingen dårleg kamp av Fitjar i den steikande varmen. Spelemessig var dei jamgode med topplaget Solid, men det blir lite poeng når ein slepper inn så lettkjøpte mål.