Kristian Træet blir løfta i vêret av Jonas Aleksandersen etter 2–1-scoringa, men han kom ned att på jorda. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar var i store periodar det beste laget i seriekampen mot Gneist 2 på Liland i dag, men heimelaget snudde kampen i sluttminutta og vann 3-2.

A-laget til Fitjar spela ein ny god kamp då dei møtte toarlaget til Gneist på bortebane laurdag ettermiddag. Men i motgang går det tydelegvis ikkje an å få poeng, og no blinkar blålyset frå nedrykksspøkelet sterkare enn nokon gong.

Øyvind Fluge Rydland ser langt etter ballen og poenga i Bergen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar hadde eit visst overtak i den jamne førsteomgangen, og hadde dei målsjansane som var før pause. Jonas Aleksandersen hadde fleire fine forsøk utan å lukkast heilt. Det same hadde Øyvind Fluge Rydland, som i dag spela sin første kamp frå start for A-laget. Han fekk ein fint innlegg frå Daniel Skarpnes, og etter eit fint løp i midten kunne debutanten scora. Me headinga gjekk rett utanfor.

Det var ein litt skeptisk Fitjar-trenar, Leif Didrik Steensohn, som gjekk til pause med 0-0:

– Berre me ikkje startar andre omgang slik me har gjort fleire gonger før i år, og tapt viktige poeng!

Diverre fekk han rett. Eit par minutt etter pause fekk Gneist eit litt billig straffespark. Syndaren var Leif Tore Aarland, som i tillegg fekk gult kort for halding. Ein situasjon som vanlegvis ikkje blir blåst for, men dommaren såg at Leif Tore heldt motspelaren sin; han såg ikkje at begge var like «gode».

Sjølv om heimelaget viste seg mykje kvassere etter kvilepausen, gav ikkje Fitjar opp. Kampen opna seg i begge endar, og rundt ti minutt seinare kom Øyvind Fykse Lie gjennom åleine i midten; han runda keeper og sette ballen i det tomme målet frå kort hald.

Her kan ikkje Øyvind Fykse Lie bomma, han har runda keeper, og scorar lett. Foto: Kjetil Rydland.

Utover i omgangen hadde begge lag store sjansar; blant anna hadde Helge M. Træet eit flott langskot i tverrliggjaren. Og då det hadde gått nesten ein halvtime, kunne det sjå ut som om Fitjar skulle få ein snev av medgang. Etter fleire skotforsøk, og returar, hamna ballen på 16-meteren hos Kristian Træet. Han sette ballen sikkert i mål, og haustens første trepoengar vinka i det fjerne!

Det siste kvarteret hadde Fitjar fleire sjansar til å punktera kampen. Og det såg veldig lovande ut fem minutt før ordinær tids slutt då Gneist fekk ein mann utvist. Gneist-spelaren slo etter Lars T. Engelsen, i ein situasjon der vår mann burde fått gult kort for halding.

Men i det 89. minuttet fekk Gneist eit litt billig frispark rett utanfor 16-meteren. Og det blei nydeleg plassert bak ein sjanselaus Ruben Træet i Fitjar-målet. På overtid hadde begge lag sjansar til å avgjera kampen til eigen fordel. Og då går det som det ofte gjer for lag i motgang. Gneist braut på Fitjar sin banehalvdel, og pasningen gjekk over eit Fitjar-forsvar i ubalanse. Gneist-angriparen fekk ballen på bakre stolpe, på blank goal, og kunne scora sikkert.

Dermed gjekk Fitjar på eit nytt tap, og den første sigeren i haust lar framleis venta på seg. Også denne gongen leverte Fitjar eit spel som eigentleg held mål i 5. divisjon. Men i motgang går det tydelegvis ikkje an å vinna fotballkampar. Ingen på Fitjar merkte seg ut, verken den eine eller andre vegen, og me la merke til meir konstruktivt spel enn på lenge.

Heldigvis er det fleire lag som taper fotballkampar, og Fitjar ligg ikkje stort verre til i botnen av tabellen for 5. divisjon adv. 03 Hordaland enn dei har gjort i heile haust.

Gneist 2 – Fitjar 3-2 (0-0)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Liland kunstgress
Laurdag 15. september kl. 13.00
Dommar: Andreas Robin Larsen, SK Baune
Publikum: 2

Mål: 0-1 Håvard Mathisen (47 straffe), 1-1 Øyvind Fykse Lie (56), 2-1 Kristian Træet (74), 2-2 (89), 3-2 (94)

Gult kort for Fitjar: Leif Tore Aarland (47), Øyvind Fykse Lie (50) og Lars Fitjar Waage (75)

Fitjar sitt lag mot Gneist 2: Ruben Træet, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Torbjørn Korsvik, Svein Arne Raunholm, Øyvind Fluge Rydland (Lars T. Engelsen 83), Helge Myrmel Træet (kaptein), Jonas Aleksandersen (Lars Fitjar Waage 73), Kristian Træet, Øyvind Fykse Lie og Daniel Skarpnes.

Jonas Aleksandersen kjempa godt på midtbanen så lenge kreftene strakk til. Foto: Kjetil Rydland.