A-laget til Fitjar kom tomhendte heim frå Husnes etter 0-2 mot Trio onsdag kveld.

Frå eit baksete i botnen av Halsnøytunnelen rapporterer hjelpetrenar Leif «Dikki» Steensohn om ein jamn kamp som kunne ha bikka begge vegar.

I første omgang hadde Fitjar fleire store sjansar til å ta leiinga, utan å lukkast heilt. Også i andre omgang på stillinga 0-0 hadde Fitjar gode måltilbod. – Men mål pregar fotballkampar, seier Dikki, og det blei Trio som klarte å scora. Eit frispark etter 60 minutt skifta retning i Fitjar-muren, og ballen gjekk forbi ein utmanøvrert Oddgeir Træet og i mål.

Fitjar gav ikkje opp, men klarte ikkje å få ballen i mål. I staden kunne Trio avgjera kampen med 2-0 i sluttminuttet.

Etter kveldens kamp ligg Fitjar framleis på tre poeng, med fire lag bak seg på tabellen i 4. divisjon. – Men på laurdag møter me Sandviken på heimebane, og no ser me fram mot den kampen, seier Dikki til slutt.