Marius Helland Storebø avgjorde kampen mot Vaksdal. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget til Fitjar måtte sjå Radøy/Mager ta med seg alle tre poenga etter seriekampen på Fitjar-graset laurdag ettermiddag, og bortesigeren var fullt fortent.

Fitjar ser ut til å ha gjort det til ein vane å starta kampane i «kvilemodus». Og det nyttar ikkje mot eit så pass bra lag som Radøy/Manger. I alle høve var det lite gneist i «Dikki» sine elleve utvalde frå start i dag. Allereie etter fem minutt måtte dagens Fitjar-keeper, Oddgeir Træet, i aksjon med fleire velkvalifiserte redningar.

Det kom derfor ikkje som noko sjokk at Radøy/Manger tok leiinga etter seks-sju minutt, ved Sander Rath. Og hadde det ikkje vore for det gode keeperspelet av Oddgeir, kunne gjestene ha punktert kampen etter berre eit kvarter.

Men veterankeeperen heldt Fitjar inne kampen. Og etter 20 minutts spel burde det stått 1-1, då Fitjar fekk straffe. Men den gode gjestekeeperen hadde ingen problem med det lause skotet frå Øyvind Fykse Lie.

Dermed måtte heimepublikum venta på utlikninga til det hadde gått ein halvtime. Høgreback Brynjar T. Engelsen avanserte fint, og la over gjestene sitt forsvar, der Daniel Skarpnes kom stormande og sette ballen sikkert i mål.

Gjestene var best i det meste

Til liks med Fitjar-trenar Leif Dikki Steensohn hadde me gode voner om at gutane skulle skjerpa seg etter pausen og ta over kampen. Men så skjedde ikkje, gjestene scora to mål i byrjinga av andre omgang, etter at Fitjar-forsvaret hadde vist seg altfor nølande og usikkert.

Dermed var løpet køyrt for Fitjar, som spela ein brukbar andre omgang, men heller ikkje meir. Gjestene var best i det meste, verka kjappare og betre trente, viste mykje fint kombinasjonsspel, og vann dei fleste andreballane. Difor kunne det ikkje koma som noko sjokk på nokon at dei fekk endå eit mål ti minutt før slutt, slik at sigeren blei så klar som 4-1.

Lite å gle seg over

Bortsett frå ei fin grasmatte var det få lyspunkt å augna for Fitjar-trenar Steensohn og heimepublikum. Det viste veldig godt at kaptein Helge Træet ikkje hadde høve til å vera med i dag. Men Rezwan M. Kadir gjorde ein fin innsats på midtbanen, og var blant dei mest positive på Fitjar. Elles er keeperveteran Oddgeir Træet verd å nemna, og ikkje minst Marius Helland Storebø, som fullt fortent blei utropt til dagens Fitjar-spelar.

Etter dagens tap ligg Fitjar framleis svært utsett til nede i botnsjíktet av 5. divisjon avd. 03. Og dei vil nok få det tøft nok utover hausten med å berga plassen i divisjonen.

– Me må berre jobba på! seier «Dikki» etter den litt stusselege kampen i dag.

Ingen bursdagspresang til 70-åringen

Det blei altså ingen bursdagspresang å skriva heim om for «Dikki». Som kjent fyller Fitjar-trenaren 70 år i morgon, og han reiser frå øyo for å feira. Men det skal ikkje ha nokon samanheng med dagens nederlag.

Me gratulerer med dagen og ser fram til neste kamp, mot Bremnes fredag 24. august, på Fitjar-graset.

Daniel Skarpnes fekk det stritt mot sterke Radøy/Manger-forsvararar, og måtte nøya seg med eitt mål. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Radøy/Manger 1-4 (1-1)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark
Laurdag 18. august kl. 15.00
Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL
Gult kort: Leif Tore Aarland (90)
Publikum: 60

Mål: 0-1 Sander K. Rath (7), 1-1 Daniel Skarpnes, 1-2 Sander K. Rath (48), 1-3 Chris Lunde (53), 1-4 Elvir Muratovic (80)

Fitjar sitt lag mot Radøy/Manger: Oddgeir Træet, Brynjar T. Engelsen (Kristian Træet 69), Leif Tore Aarland (kaptein), Nils Ingard Tislevoll, Svein Arne Raunholm, Torbjørn Korsvik, Rezwan  Kadir, Jonas Yang Tislevoll (Lars T. Engelsen 83), Øyvind Fykse Lie (Jonas Aleksandersen 58), Marius H. Storebø og Daniel Skarpnes (Øyvind Rydland 85.).

Nøktern stemning på ærestribunen under kampen mot Radøy/Manger. Foto: Kjetil Rydland.