Trass god innsats måtte Fitjar gå poenglause av banen, etter 1-2 borte mot Smørås i ein jamspelt kamp på Slåtthaug laurdag ettermiddag. Fitjar gjekk friskt ut, og spelte ein jamn 1. omgang. Det var fullt fortent då Sondre Fykse Lie gav Fitjar leiinga 1-0 i det 33. minutt. Men Smørås svarte i beste tyrkarstil. Dei gjekk rett i angrep etter avspark og utlikna før Fitjar-forsvaret fekk sukk for seg. Ved dette høvet var ikkje midtstopparspelet til Fitjar patent. Fitjar kunne faktisk ha leia ved pause, men det lure frisparket frå Kjell Treet trefte stolperota. Og ingen Fitjar-spelarar var påpasseleg framme på returen.

Utover i 2. omgang miste Fitjar etter kvart grepet om midtbanen. Og det var ikkje ufortent at heimelaget kunne gå av banen med ein 2-1-siger. Sjølv om også sigersmålet var av den enkle sorten.

På eit godt kjempande Fitjar-lag, likte me best Leif André Tangen og førsteomgangen til Per Malvin Wichmann.