A-laget har vore til Bergen og slege puljevinnar Krabbetor 2-1, melder trenar Stein Gunnar Halleråker.

Fitjar reiste laurdag til Bergen og møte med serievinnar Krabbetor, som allereie var klar for 4. divisjon. Det var eit heiltent Fitjar-lag som hadde lyst å tukta den ubeseira puljevinnaren. Dei tok kommandoen frå start, og etter berre 2 minutt gir Thomas V. Waage gjestene leiinga når han blir spelt gjennom Krabbetor-forsvaret, og med utsida av høgrefoten plasserer han ballen inn bak Krabbetor sin sisteskanse.

Krabbetor var eit godt lag, og spesielt på hjørnespark og lange innkast var dei farlege. Etter 34 minutt får laget frispark frå vel 20 meters hold, eit frispark som blir skrudd over Fitjar-muren og opp i krysset bak Oddgeir Træet. 1-1, og laga er like langt.

 

I andre omgang fører Fitjar mesteparten av kampen, og vartar opp med stor rørsle og god pasningskvalitet. Laget kjem til fleire store sjansar, ballen smell bl.a. to gonger i tverrliggjaren til Krabbetor. I tillegg er Ronald Skår åleine med Krabbetor sin sisteskanse to gonger, men utan teljande resultat. Det er derfor fullt fortent når Henrik R. Kjelling legg på til 2-1, etter eit flott angrep som blir avslutta med at Henrik kjem inn på bakre stolpe og møter det presise innlegget frå Leif Tore Aarland på direkten. Etter dette kjem Krabbetor sterkare, og laget produserer eit par gode sjansar. Det blir ei nervepirrande avslutning på kampen. Dommaren legg til 4-5 minutt, men Fitjar-gutane rir stormen av på slutten og kan innkassera ein fortent trepoengar.

Dette var nok den totalt sett best gjennomførte kampen av Fitjar, motstandaren tatt i betraktning, seier trenar Stein Gunnar Halleråker. Alle spelarane la ned ein kjempeinnsats, og spesielt Roger Almås og Kjell André Thorland sentralt på midtbanen var gode, meiner trenaren, som òg er godt fornøgd med Henrik R. Kjelling på venstrekanten og Leif Tore Aarland på høgresida.

No står det berre att ein kamp av årets sesong, heime mot Hetlevik neste søndag.
Resultat og tabell i 5. divisjon kan du lesa her: