A-laget til Fitjar heng godt med i toppen av 5. divisjon etter 4-1 heime mot Kjøkkelvik fredag kveld.

– Kjøkkelvik er det beste laget me har møtt på graset i Fitjar Idrettspark så langt i år, seier trenar Kjell Træet til Fitjarposten.

Han er såleis godt fornøgd med at laget hans til slutt klarte å vinna fredagens kamp så klart som 4-1. Kjell André Thorland blei utropt til dagens Fitjar-spelar. Men trenaren er fornøgd med innsatsen over heile linja, mot raske motstandarar som sprang mykje og kjempa godt. Forsvaret hadde bra kontroll, og alle fire måla var fine prestasjonar, fortel Kjell Træet. – Spesielt 3-1-målet til Mats Brakedal var vakkert – han «kørla» ballen frå hjørnet av 16-meteren i motsett kryss.

Etter 3-3 mot Olsvik tysdag kveld og siger fredag heng Fitjar godt med i toppen av 5. divisjon. Thomas Vestbøstad Waage ser ut til å vera tilbake i god, gammal scoringsform, etter to mål mot Olsvik, og eitt mål i kveld. Det kan koma godt med når det drar seg til mot storkamp borte mot Bremnes torsdag 21. juni. Ein «sekspoengskamp» og eit godt gammaldags nabooppgjer!