Fitjar sleit seg til tre poeng mot Fyllingsdalen 3 i heimekampen laurdag ettermiddag.

– Fyllingsdalen 3 er eitt av laga som Fitjar må slå! var omkvedet før dagens seriekamp. Og siger blei det, med knappast mogeleg margin.

Men det var gjestene som kom til den første store målsjansen, då Fyliingsdalen sin angripar fekk stå merkeleg åleine på hjørnet av femmeteren. Heile Fitjar-laget hadde fokus på ballen på motsett side av banen då ballen blei spela over. Men heldigvis strauk ballen utsida av stolpen.

Etter kvart overtok Fitjar både spel og sjansar, og kunne gått opp til 1-0, då Sebastian T. Thomassen fekk eit fint innlegg frå Badi Hurashi på høgresida. Men timinga stemte ikkje heilt, og Sebastian kom ikkje først på ballen. Det skulle likevel ikke gå lang tid før Fitjar tok leiinga. Kjell André Thorland gjorde comeback med brask og bram, og kom til fleire fine sjansar. På det andre forsøket sitt inne i motstandaren sitt felt blei han dytta i god posisjon. Ingen dramatisk situasjon, men ei klar dytting på femmeteren. Så klar at dommaren bles straffe, og ingen protesterte. Straffesparket sette Badi Hurashi hardt og kontrollert i mål.

Fitjar kom til fleire fine sjansar utover i første omgang, dei fleste ved Badi Hurashi. Han tråkla seg fint forbi Fyllingsdalen sine forsvararar gong etter gong, og la fine innlegg framfor mål. Eitt av dei heada Torbjørn Korsvik rett utanfor vinkelen. Etter ein litt laber omgag kunne Fitjar gå til pause med leiing 1-0.

Me hadde eigentleg venta litt meir tenning etter pause, men andre omgang heldt fram i same sporet. Fitjar måtte slita mot eit ikkje altfor sterkt bortelag. Utan å visa noko stort spel drog dei sigeren i land, etter at også gjestene hadde vore farleg frampå ved eit par høve. Kampen slutta med at den unge midtstopparen Sander Tverborgvik klarerte ei farleg Fyllingsdalen-kontring på eigen femmeter. Flott avslutning på kampen av 16-årige Sander, som ikkje har spela midtstoppar på A-laget før.

Tre poeng var det mest positive i ein litt laber kamp, som ikkje kallar på dei store superlativane. Positivt elles var gjensynet med Roger Almås og Kjell André Thorland på midtbanen, og alle fine sjansane som Badi Hurashi la opp til. Og at resten av laget kjempa brukbart heile kampen igjennom.

Ingressfoto: Fitjar-gutane jublar for 1-0 etter at Badi Hurashi har sett inn straffesparket vel eit kvarter ut i kampen. Foto: Kjetil Rydland.