A-laget til Fitjar brukte ikkje lang tid på å reisa seg etter årsverste sist helg, og innkasserte ein ny storsiger i Bergen i dag mot Laksevåg II.

Etter ein svak kamp sist mot Nordnes, viste Fitjar-gutane seg denne gongen frå ei heilt anna side. Laget tok kommandoen frå start, og etter 4 minutt blir Thomas spelt gjennom Laksevåg-forsvaret, og åleine med keeper gjer han ingen feil. Få minutt seinare er han igjen på farten, på det lange oppspelet frå Lars Andreas Larsen set Thomas på «turboen», rundar både Laksevåg-forsvaret og keeper, og Fitjar leier 2-0.

Etter dette «yppar» Laksevåg seg ved eit par høve, dei skaffar seg og straffe, eit straffespark som Oddgeir reddar meisterleg. I staden for ny spenning i kampen headar Martin Vestbøstad inn eit presist hjørnespark frå Kjell André Thorland, og dermed står det 3-0. Martin sitt første mål på A-laget! Brynjar er frampå og set inn 4-0 på ein retur, men målet må han dela med Henrik. Henrik tar ned ballen ute på venstresida, «drar» seg forbi to-tre motstandarar, og frå 20 meter sender han av garde eit skot som slår i både stolpe og tverliggjar før det går ned på streken. Der er Brynjar vaken frampå og set inn returen.

Med 4-0-leiing til pause kontrollerer Fitjar det meste som skjer i andre omgang; laget produserer masse sjansar og kunne ha laga langt fleire mål.

Alt i alt ein kjempebra kamp av Fitjar-gutane. Laget spelte veldig god fotball i dei periodane ein fekk ballen til å gå på eitt og to touch. Martin Vestbøstad spelte ein veldig god kamp i midtforsvaret, og på midten styrte Roger Almås og Kjell Andre Thorland det meste. Henrik Raunholm Kjelling viste mykje fint frå sin venstrekant, og framme var storscorer Thomas Vestbøstad Waage ein konstant trussel kampen igjennom.

Neste kamp er førstkommande laurdag borte mot puljevinnar Krabbetor, som er ubeseira og klar for 4. divisjon to rundar før slutt.