A-laget til Fitjar er på treningsleir i Tyrkia, og melder om fine forhold.

Seniorleiar Roald Drønen har sendt oss ein kort rapport frå Tyrkia etter eit par dagars opphald. Han fortel at reisa nedover gjekk fint, og at dei er innkvarterte i to- og tremannsrom. Etter det me forstår, er den tyrkiske maten god.

Dei trudde dei skulle trena på kunstgras, men treningsfeltet viste seg å vera ein grasbane betre enn den finaste plenen på Fitjar! – Her er grei sommartemperatur, og gutane trenar to gonger for dagen, fortel Roald. På måndag blir det treningskamp mot Rakkestad.

Forholda er fantastiske! Og framhald følgjer, melder Roald Drønen og Gisle Levåg på eit dårleg internett frå Tyrkia.