Bønes-forsvaret hadde bra kontroll på Marius Helland Storebø i byrjinga, men etter kvart skapte den unge Fitjar-angriparen store problem for gjestene. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar fekk sin første trepoengar i årets 5. divisjon torsdag kveld, då dei vann heimedebuten så klart som 4-0 over Bergens-laget Bønes.

A-laget til Fitjar har så absolutt hatt ein bra start på sesongen. Friskt spel mot seriefavorittane frå Austevoll for tre veker sidan var ikkje noko blaff. Etter uavgjort i ein bra bortekamp mot Vadmyra veka etter var det klart for årets første heimekamp i går kveld, mot Bønes.

Mot gjestene frå Bergen heldt fitjargutane heldt fram den positive trenden. I den sjansefattige førsteomgangen hadde Fitjar bra kontroll utan å spela seg til dei store sjansane. Før me gjekk inn i dei ti siste minutta før pause.

Marius Helland Storebø var på rett plass til rett tid, og sette ein retur sikkert i mål. Skotet kom frå Jonas Yang Tislevoll. Bønes fekk fleire sjansar i første omgang på grove personlege feil på midtbanen til Fitjar, men leiinga 1-0 til pause var fortent nok.

I andre omgang hadde Fitjar full kontroll, og etter to scoringar ved Marius Helland og eit flott frisparkmål ved Kristian Træet kunne dei innkassera tre høgst fortente poeng.

På Fitjar utmerkte igjen tremålsscorar Marius Helland seg positivt. Han er eit strå kvassare enn medspelarane sine for tida, noko som viser igjen i det meste han gjer. Bakover på banen skaper rutinen til midtstopparane Helge M. Træet og Ronald Skår ro i laget.

Så lenge heile laget elles jobbar bra, som i går kveld, er det håp om fleire poeng for Fitjar i årets 5. divisjon. Men dei grove feila på midtbanen vil straffa seg hardare når dei møter betre motstandarar enn Bønes. Me vel likevel å sjå lyst på sesongen, og ser fram til neste heimekamp, fredag 10. mai mot BI Bergen.

Gultkortkameratane Nikolai Kvammen Sinclair (49) og Torbjørn Korsvik i samtale med banens beste, dommar Ken Roger Solberg. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Bønes 4-0 (1-0)
Seriekamp 5. divisjon Hordaland avd. 03
Fitjar Idrettspark torsdag 25. april kl. 19.30
Publikum: 45
Dommar: Ken Roger Solberg, Tertnes Fotball Herrer

Mål: 1-0 Marius Helland Storebø (37), 2-0 Marius Helland Storebø (58.), 3-0 Kristian Træet (74.), 4-0 Marius Helland Storebø (84.)

Gult kort: Nikolai Kvammen Sinclair og Viktor Grimsdal, Bønes og Torbjørn Korsvik, Fitjar.

Fitjar sitt lag mot Bønes:
Ruben Træet (Elias Westerheim 86.), Øystein Fitjar Waage, Ronald Skår, Emil Sæterbø Fitjar, Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fluge Rydland (Ronny René Bjellebø 86.), Leif Tore Nesbø Aarland (k) (Lars Fitjar Waage 70.), Svein Arne Jordan Raunholm, Kristian Træet, Marius Helland Storebø og Jonas Yang Tislevoll (Daniel Skarpnes 65.).

Ein spent Jan Åge Tislevoll konstaterer at sesongstarten har vore bra. Foto: Kjetil Rydland.