Det vart diverre nedrykk på a-laget forrige sesong, no håpar dei på betre tider.

I den kommande sesongen stiller a-laget til Fitjar med heilt ny trenar. Stein Gunnar Halleråker, tidlegare trenar for damelaget, har no tatt denne utfordringa. Han stiller med godt mot, og har stor tru på den unge spelarstallen. Målet for sesongen er å vera med å kjempa i toppen, men det krev mykje hardt arbeid og godt oppmøte på trening. – Det er stor treningvilje i dette laget, med mange gode spelarar med godt potensial, fortel trenaren. Det er viktig å få ein god start, slik at spelarane stiller med sjølvtillit, det vil ha veldig mykje å sei utover i sesongen.

Kjell Træet er ein av veteranane i laget, og har meir enn nok med å følgje dei unge spelarane. Det er mykje god teknikk i laget, men det manglar endå litt på den fysiske delen, seier han. I sesongen møter vi eldre personar som kjem til å gå hardt inn i taklinger, her stiller vi ikkje like sterkt. Viktig at vi køyrer spelet enkelt, ikkje gjer da for vanskeleg for oss sjølv. Saman med Per Malvin Wichmann har dei god tru på dette laget, og ser fram til å kome i gang med kampane. Første seriekamp er 17. april, og allereie helga etter er det sesongens første heimakamp.

Det er mange sentrale spelarar som ikkje bur på Fitjar, som ikkje får trent like mykje med laget. Dette er sjølvsagt eit problem. Heldigvis har dei spela mykje saman, så dei kjenner kvarandre godt.