Marius Helland reduserte for Fitjar mot Mathopen, men eitt mål var altfor lite mot målfarlege bergensarar. Arkivforo: Kjetil Rydland.

Fitjar sine beste menn var sjanselause mot Mathopen i Bergen i kveld, og måtte reisa heim att med null poeng og bagen full av baklengsmål.

Fitjartrenar Jan Åge Tislevoll fortel at dei var sjanselause mot Mathopen på Bergens vestkant fredag kveld. Laget hans heldt stand i vel eit kvarter, men då heimelaget begynte å få mål, var det jamt slutt for gutane hans.

– Dei raske spissane til Mathopen gjorde som dei ville, fortel Fitjar-trenaren, dei var i ein heilt eigen klasse, og sprang rundt oss!.

Kristoffer Larsen og Amund Moldekleiv scora kvar sine to mål før pause, slik at det stod 4-0 til pause. Larsen scora to mål til før kampen var slutt, medan Kristian Vindheim Rivedal scora tre. Dermed hjelpte det sørgeleg lite at Marius Helland Storebø reduserte til 1-7 etter 75. minutts spel.

Sluttresultatet 9-1 er eit av dei verste Fitjar har opplevd nokon gong i seriekamp. Og tabellen for 5. divisjon avd. 02 ser framleis faretrugande ut for Fitjar sin del. Betre blei det ikkje av at nedrykksrivlana Vaksdal og Juristforeningen begge vann kampane sine denne serierunden.

– No er det full fyr i botnen! seier Jan Åge Tisleoll, og spår ein hard kamp for å overleva i divisjonen. Neste sjanse til poeng er laurdag 5. oktober, heime mot Vaksdal.

Ruben Træet hadde ei vond kveld i Fitjar-buret mot Mathopen. Foto FP-arkiv/KR.

Bønes – Fitjar 9-1 (4-0)
Seriekamp 5. div. menn avd. 02
Kongsmyren idrettsplass, kuntgras
Fredag 27. september kl. 20.00
Dommar: Ruben Føllesdal, Åsane Fotball

Mål: 0-1 Kristoffer Larsen (17.), 0-1 Kristoffer Larsen (30.), 0-2 Amund Moldekleiv (33.), 0-4 Amund Moldekleiv (44.), 0-5 Kristoffer Larsen (55.), 0-6 Kristian Vindheim Rivedal (62.), 0-7 Kristoffer Larsen (68.), 7-1 Marius Helland Storebø (75.), 8-1 Kristian Vindheim Rivedal (78.), 8-1 Kristian Vindheim Rivedal (86.)

- Annonse -

Fitjar sitt lag mot Mathopen:
Ruben Træet (Jacob Mehammer 80.), Markus Gerhardsen (Andreas Vestbøstad 75.), Svein Arne Jordan Raunholm, Helge Myrmel Træet, Ronny René Bjellebø, Jonas Aleksandersen (Jacob Myhre 46.), Joakim Malkenes Fitjar (Sondre Fitjar 69.), Kristian Træet, Leif Tore Nesbø Aarland (Birk Vestvik 88.), Adrian Mehammer (Sondre N. Aarland 88.) og Marius Helland Storebø (Jan Åge Tislevoll 85.).