A-laget kom heim til Fitjar med eitt poeng etter uavgjort mot Eidsvåg i ein 5.-divisjonskamp i Bergen fredag kveld.

Det blir meldt om ein dårleg første omgang av Fitjar. Allereie etter eit par minutt kunne ballen ha lege i nettet bak Idar Volden Mjønes, men Fitjar slapp med skrekken. Alt i alt ein rusten første omgang frå Fitjar si side, og dei var heldige at dei kunne gå til pause med 0-0.

I andre omgang jobba Fitjar-gutane mykje betre, men det var likevel Eidsvåg som scora først. Etter ei dårleg klarering i forsvaret til Fitjar hamna ballen ute i feltet. Ein Eidsvåg-spelar fekk godt treff på volley, og ballen duppa ned i mål bak Fitjar-keeper Idar Volden Mjønes. Fitjar hadde mykje av spelet på slutten av kampen, og det var ikkje ufortent at du kunne utlikna knapt 10 minutt før slutt. Andreas Torland skaut eit flott skot frå rundt 30 meter, og Geir Steffen Tranøy plukka opp returen og sette den i mål.

Fitjar-trenar Stein Gunnar Halleråker seier til Fitjarposten at han er bra fornøgd med eitt poeng i kveldens kamp. Eidsvåg stilte med eit krigarlag med vaksne mannfolk, og det var godt gjort at dei unge spelarane hans stod så godt imot. Han hadde måtta bytta ut sju mann frå førre kamp, og i kveld hadde han sju juniorar med frå start av. Stein Gunnar trekkjer fram gutespelaren Geir Steffen Tranøy, som kom inn på slutten og berga eitt poeng for Fitjar. Men best på laget i kveld var nok keeper Idar V. Mjønes og midtforsvaret med Helge Træet og Per Malvin Wichmann. Alt i alt er trenaren fornøgd med eitt poeng i ein tøff duellkamp mot vaksne mannfolk.

Fitjar stilte med dette laget:

Idar Volden Mjønes, Martin Vestbøstad, Per Malvin Wichmann (Mads D. Helland i 15 min.), Helge Træet (K.), Andreas Torland, Leif Tore Aarland, Kjell André Thorland, Lars Engelsen, Øystein Fitjar Waage, Mats Brakedal (Geir Steffen Tranøy 15 min.) og Henrik Raunholm Kjelling.

Etter kveldens kamp ligg Fitjar med sine 12 poeng midt på tabellen i 5. divisjon.