Marius Helland Storebø greidde ikkje å hindra stortap mot serieleiaren Smørås i dag. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget fekk ikkje det etterlengta løftet etter haustens første siger for ei veke sidan, og dagens kamp mot Smørås enda med grisebank 9-0.

Allereie før det hadde gått eit kvarter, hadde Smørås scora to mål, og gjort oppgåva håplaus for dei arme, våte Fitjar-spelarane. Den dårlege starten såg ut til å knekka moralen i det hardt prøvde laget. Ved pause stod det 4-0 til heimelaget, og dermed var slaget i røynda tapt.

Det gjekk ikkje mykje betre i andre omgang. Heile fem mål til putta serieleiarane på, før det til slutt stod stygge 9-0. Dermed måtte Fitjar bokføra eit av dei verste tapa me kan minnast. Og med desse vonde tala er ein relativt brukbar målforskjell brått blitt mykje dårlegare.

No er spelarane på veg heim for å bli tørre til neste kamp, som er på heimebane mot Vadmyra førstkomande laurdag. Smørås var eit mykje betre lag, og Fitjar var eigentleg sjanselause. Neste motstandar ligg på tredjeplass på tabellen i 5. divisjon, og der bør Fitjar han ein viss sjanse til poeng.

Smørås – Fitjar 9-0 (4-0)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Slåtthaug Kunstgress
Laurdag 29. september kl. 16.00
Dommar: Johannes Gjøsund, Kringlebotn IL

Fitjar sitt lag mot Loddefjord 2: Jacob Mehammer, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Nils Ingard Tislevoll, Svein Arne Raunholm, Kristian Træet, Helge Myrmel Træet (kaptein), Marius Helland Storebø, Torbjørn Korsvik, Jonas Aleksandersen, Lars Fitjar Waage. Innbytarar med speletid: Øyvind Fluge Rydlabnd, Rezwan M. Kadir, Didrik Steensohn og Emil S. Fitjar.

 

- Annonse -