Fitjar klarte 2-2 i ein hektisk, men ikkje særleg velspelt kamp mot Bremnes laurdag ettermiddag.

A-lagsgutane til Fitjar fekk som venta køyrt seg mot bremnesingar i desperat poengnaud på Olvondo Stadion. Heimelaget gjekk hardt ut på det glatte kunstgraset, og skaffa seg eit visst overtak frå start. Hadde ferdighetene stått i stil med innsats og aggressivitet, hadde neppe Fitjar kome heim med poeng denne laurdagskvelden.

Etter vel 10 minutt gjekk Bremnes fortent nok opp til 1-0. Ei unødvendig feilpasning på midtbanen til Fitjar, skapte ubalanse i forsvaret. Bremnes kom rundt på Fitjar si høgreside og la fint inn til André Meling Fylkesnes i midten. Han var brått heilt åleine med Fitjar-keeperen, og det velplasserte skotet kunne ingen keeper ta. Ved dette høvet gjekk det altfor fort for Fitjar-forsvaret, som blei heilt utspelt.

Fitjar kan takka dårlege avsluttareigenskapar hos bremnesingane for at det ikkje blei fleire mål imot i løpet av første omgang. Så vidt me kunne sjå, hadde Fitjar berre éin sjanse i løpet av heile førsteomgangen. Bremnes-forsvaret redda på streken etter ein god corner midt i omgangen.

Sjølv om Fitjar hadde ballen vel så mykje som heimelaget, var Bremnes-leiinga 1-0 til pause heilt fortent. Då dei kom ut frå pausen, såg det ut til at bremnesingane hadde «sovna», og Fitjar overtok. Utlikninga til Kjell André Thorland var kampens finaste prestasjon. Rett utanfor 16-meteren fekk han tid og rom til å leggja ballen på godfoten, før han skaut ei kanonkule rett i vinkelen!

Bremnes kom etter kvart meir med, og hadde store sjansar til å ta leiinga. Ved fleire høve var dei heilt gjennom, men var uheldige og udyktige framfor mål. Spesielt ille såg det ut då Bremnes-angriparen runda keeper, men glei slik at ballen gjekk ut over dødlinja i staden for i det tomme Fitjar-buret. 

Men spelet bølgja fram og tilbake, og eit par minutt seinare var det Fitjar sin tur. Berre ei feberredning frå keeper Johannes Stokkenes hindra Fitjar-leiing. Etter fleire halsbrekkande sjansar i Fitjar-forsvaret kontra Fitjar på venstresida, der Bernt-Ove Maraas hadde teke plass på backen. Thomas Vestbøstad Waage blei spelt fint fri på venstrevingen, og avslutta med eit fint skot. Keeper redda, men Thomas fekk tak i returen, og sette den sikkert i mål.

Ei litt heldig leiing for Fitjar kunne faktisk ha halde heilt inn, hadde ikkje Bremnes fått hjelp av dommaren. Bremnes-angriparen på veg inn i feltet blei innhenta av Sebastian T. Thomassen. Han kasta seg framover, og fekk eit særs billig straffespark, som Sindre Innvær sette sikkert i mål.

I sluttminutta var det store sjansar for begge lag. Spesielt tre minutt på overtid, då keeper Oddgeir Træet redda på ubegripeleg vis frå kort hald. Rett etter var kampen slutt, og Fitjar kan nok seia seg mest fornøgd med 2-2, i ein kamp som kunna ha bikka begge vegar.

Spelemessig var det ikkje ein stor kamp frå Fitjar si side. Det fine midtbanespelet såg me ikkje mykje til denne gongen, spesielt ikkje etter at kaptein Øyvind Fykse Lie måtte gå ut med skade i første omgang. Med ein skadd Roger Almås på sidelinja, og Helge Træet nede i midtforsvaret blei det for lite struktur på midtbanen. Verken Badi Hurasi eller Mats Brakedal var like heldige med tunnelane sine som sist. Når Kjell André Thorland berre i glimt viste at han var banens beste spelar, blei det for tynt for Fitjar.

Med sine 26 poeng er Fitjar framleis på 8.-plass på tabellen for 4. divisjon. Og kontrakten er ikkje sikker enno, sjølv om Bremnes ikkje kan gå forbi. For Bremnes med dårleg målforskjell begynner haustmørkret for alvor å senka seg; i praksis kan dei neppe unngå nedrykk. Fitjar kan sikra plassen i 4. divisjon i heimekampen mot Fana 2 søndag 19. oktober. Men: Dersom fire lag rykkjer ned, og resultata i dei andre kampane ikkje går Fitjar sin veg, kan dei rykkja ned med 29 poeng. Derfor må dei truleg ha poeng i bortekampen mot Bergen Nord om to veker for å sikra plassen i 4. divisjon.

Ingressbilete: Thomas V. Waage lukkast ikkje i første omgang, men mot slutten av kampen blei det eitt mål på toppscoraren til Fitjar, og det kunne lett blitt fleire. Foto: Kjetil Rydland.