To scoringar av Øyvind Fykse Lie på slutten av kampen berga eitt poeng for Fitjar mot Kvernbit. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.

Fitjar kom skeivt ut i bortekampen mot Kvernbit og låg under 0-2 etter åtte minutt, men med god innsats resten av kampen og to scoringar av Øyvind Fykse Lie i slutten av andre omgang berga dei eitt poeng.

Fitjar-trenar Leif Dikki Steensohn sine utvalde let sommarferien vara eit lite stykke ut i kampen mot Kvernbit på Frekhaug fredag kveld. Ein altfor sløv start på kampen gav heimelaget leiinga 2-0 før det hadde gått åtte minutt, og det kosta nok Fitjar ein trepoengar i kveld.

– Me var rett og slett ikkje påskrudde, seier Fitjar-trenaren, som er mykje meir fornøgd med resten av kampen.

Gutane hans viste vilje til å snu kampen og la ned ein fantastisk innsats, meiner Fitjar-trenaren. Og andre omgang er noko av det beste Fitjar har spela på lenge.

Overtaket gav etter kvart teljande resultat. Etter 70 minutt reduserte Øyvind Fykse Lie til 2-1, og same mann utlikna sju-åtte minutt før slutt, då han heada eit frispark frå Jonas Aleksandersen i mål.

Fitjar-trenaren synest alt i alt kampen blei ei positiv oppleving, og han gler seg over å ha innbytarar som kan koma inn med friske bein og prega kampen.

Med dagens uavgjort ligg Fitjar framleis utsett til nede i botnsjíktet av 5. divisjon avd. 03, men unngår at Kvernbit rykkjer ifrå. No blir det to viktige heimekampar A-laget. Neste laurdag er det Radøy/Manger, og helga etter kjem eit sterkt Bremnes-lag på besøk til Fitjar Idrettspark.

Kvernbit – Fitjar 2-2 (2-0)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fossemyra kunstgress
fredag 10. august kl. 20.00
dommar: Raymond Nesse, IL Gneist
gult kort for Fitjar: Jonas Tislevoll og Leif Tore Aarland.

Fitjar sitt lag mot Kvernbit: Trond Henriksen, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Nils Ingard Tislevoll (Kristian Træet 75.), Torbjørn Korsvik, Helge M. Træet, Mats Vestvik (Jonas Aleksandersen 46.), Jonas Tislevoll, Øyvind Fykse Lie, Marius H. Storebø og Daniel Skarpnes.

To scoringar av Øyvind Fykse Lie på slutten av kampen berga eitt poeng for Fitjar mot Kvernbit. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.