Fitjar hadde ingen problem med å banka Laksevåg 2 i seriekampen på Fitjar Idrettspark laurdag ettermiddag.

Heimelaget fekk ein dårleg start, då ballen låg bak keeper Oddgeir Træet i Fitjar-målet allereie etter eit par minutts spel. Men med scoringar av Mats Brakedal, Jan Åge Tislevoll og Thomas Vestbøstad på slutten av første omgang kunne Fitjar gå til pause med 3-1.

Henrik Raunholm Kjelling og Mats Brakedal la på til 4-1 og 5-1 før Laksevåg reduserte til 5-2. Fitjar brente eit straffespark mot slutten, og kampen ebba ut med ein høgst fortent heimesiger 5-2. Etter ei flott scoring i 2. omgang og god innsats elles blei Henrik Raunholm Kjelling utropt til dagens Fitjar-spelar.

Neste kamp er heime mot serieleiar Krabbetor førstkommande laurdag kl. 16.00.

Fitjarposten reknar med å komma tilbake med analysen til A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker når han har fått summa seg.