Fitjar avslutta sesongen 2010 med å slå Hetlevik 2-0 og ta tre nye poeng laurdag ettermiddag.

Det blei aldri den heilt store forestillinga reint fotballmessig, men Fitjar var det førande laget i mesteparten av kampen og vann fortent.

Laget tar leiinga etter at Kjell André Thorland driblar av to-tre Hetlevik-spelarar og skyt frå vel 20 meter, eit skot som Hetlevik sin siste skanse må gi retur på. Henrik R. Kjelling prøver seg først, og ballen hamnar til slutt i beina til Atle Hætta, som scorar sikkert.

I andre omgang er spissduoen Hætta/Waage fleire gonger på farten. Når Thomas V. Waage legg på til 2-0 og scorar sitt seriemål nr. 30 i årets sesong, kan Fitjar innkassera ein ny siger. Det unge Fitjar-laget enda dermed på ein flott 3.-plass i årets sesong. Laget tok totalt 40 poeng; 24 av dei blei tatt i haust.

Med vidare progresjon i spelargruppa fram mot neste sesong kan det bli mange spennande lokaloppgjer å sjå fram til, for då står Trott, Solid og Rosendal igjen på motsett banehalvdel.