Onar Westerheim og Lars Helge Grov sjekkar om biene i den dronninglause "startaren" har godteke larvene og byrja oppforinga av nye dronningar. Foto: Kjetil Rydland.

Årets honningsesong har så langt vore av dei dårlegaste på mange år, men den lokale birøktaren vår, Onar Westerheim, ser ut til å lykkast bra med bigeskjeften sin, som er avl av nye bidronningar.

Saman med kompanjongen sin, Lars Helge Grov frå Almås, har Onar Westerheim hittil i år avla fram 50 nye dronningar, og målet for sesongen er rundt 100.

Onar Westerheim konstaterer at dronninga har starta eit nytt samfunn. Ei flott yngeltavle syner at denne duger. Foto: Kjetil Rydland.

Stor etterspørsel etter bidronningar

Dei to ihuga birøktarane fortel at etterspørselen etter nye bidronningar er stor, og dei har selt ein del til Reksteren, Ryfylke og Kvinnherad.

– Me klarer ikkje å stetta marknaden, seier Onar, som legg til at dei kanskje er litt for billige når dei tar 750 korner for ei ny bidronning.

Dårleg vêr har gitt svært dårleg honningavling

Om dronningavlen går bra, er det verre med honningavlinga. Etter ein uvanleg fin april har det vore mykje kjølig og vått vêr, altså svært dårleg bivêr.

– I sommar har me måtta fôra biene for at dei ikkje skulle svelta i hel! klagar Lars Helge Grov.

Temperaturen er så låg at biene treng sukker for å halda varmen, og klarer seg ikkje med det vesle dei finn av honning i den kjølige sommarlufta.

Som me alle hugsar, var sommaren i fjor den tørraste og finaste på mange år, og gav rekordarta honningavling. Dette skreiv me om i artikkelen Det fløymer over av honning! Også dronningavlen gjekk veldig fort i mai og juni fjor.

Birøktaren får melding til mobiltelefonen sin frå kubevekta. Vekta registrerer kor mykje honning som kjem inn kvar dag. Foto: Kjetil Rydland.

Dronningavl er spanande!

- Annonse -

På grunn av det kjølige vêret går det seinare, men det ser ut til at dei får fram nye, gode dronningar i år òg. Dei fleste av desse er para når dei blir selde. Dei blir sende i posten, eller kundane kjem og hentar dei.

Den som kjøper ei dronning, må ha bier frå før, og desse må vera utan dronning. Den nye bidronninga blir levert i eit lite pastbur med melisdeig. Ho må vera i buret sitt dei første dagane etter at ho er komen til dei nye biene sine; elles tek dei livet av henne, fortel Onar. Men etter eitt til tre døger har ho ete seg ut av plastburet sitt, og då har bisvermen vent seg til henne. Iallfall som oftast.

– Dette er ein kritisk fase! understrekar Onar Westerheim, det vil jo vera ei ulykke om biene tek livet av dronninga si.

Omlarving. Larver vert plukka ut frå ein kube med gode eigenskapar. Her må ein vera stø på handa. Foto: Kjetil Rydland.

Plukkar ut dronninglarvar av god slekt

– Me har laga ti avleggjarar sjølve også, seier Onar, og legg til at dei gjerne skiftar ut ei dronning etter tre år. Unge dronningar er flinkare å leggja egg, og i tillegg har dei ikkje så lett for å sverma, utdjupar Onar. Men han legg til at enkelte dronningar av god ætt, som har vist seg veldig gode, kan få leva eit år eller to lenger.

Dei tar dronninglarvar frå den beste dronninga, som er lite aggressiv, svermtreg, flink til å leggja egg og av ei slekt som er god å samla honning. Dei plukkar larver med pinsett og set kvar larve i ein liten plastkopp, som skal simulera ei dronningcelle.

Plastkoppane set dei på rekkje og rad i eit stativ som dei plasserer i ein kube der det ikkje er dronning frå før. Då går dei arbeidssame biene i gang med å byggja dronningceller.

– Dei er desperate etter å byggja dronningceller, seier Onar.

Han forklarer at dei veit at dei ikkje har dronning eller larve frå før, og at dei ha det. Og når dei har fått larve av birøktarane våre, går cellebyggjarbiene straks i gang med jobben sin.

Det går om lag 16 dagar frå egget er lagt til dronninga kryp ut or dronningcella i den vesle plastkoppen. Då blir den nyklekte dronninga plassert i ein parekassett med arbeidsbier. Kor lenge ho må vera i parekassetten før ho er para, er avhengig av vêret, fortel Lars Helge Grov.

Dronane som får para seg, fell døde til jorda rett etterpå!

Arbeidsbiene er der for å finna mat og elles stella med dronninga, legg han til. Etter fire dagar er dronninga kjønnsmoden, og då fyk ho ut av kassetten for å para seg. Dronninga oppsøkjer dronesamlingsplassar, skyer med dronar som er meir enn villige til å para seg med henne.

Det skulle ein eigentleg ikkje tru, for dette er det siste dronen gjer, dersom han lukkast i å para seg. Han døyr momentant etter paringsakta og fell til jorda. Paringa skjer i lufta, i fart, og ei dronning parar seg med opp til 20 dronar.

Dronninga fyk inn att i kuben sin, og Onar og Lars Helge sjekkar etter ei veke, eller halvanna, om dronninga har begynt å leggja egg. Då kan dei plukka ut dronninga, setja ho i eit plastbur med niste av melis, og senda ho i posten til ivrige birøktarar andre stader i landet.

Birøktarane set sin lit til lyngtrekket på ettersommaren

Sjølv om det har blitt lite eller inkje sommarhonning i år, ser dronningavlen ut til å gå bra. No set dei to lokale birøktarane sin lit til lyngtrekket på ettersommaren. Det må slå til – elles blir det ein dårleg honningsommar på våre kantar.

Men trøysta for Onar Westerheim og Lars Helge Grov får vera at dronningavl på høgt nivå er ein interessant og innbringande bijobb!