SIM samla inn 905 kg plastemballasje på første henting i Fitjar kommune. Alt i alt vart det samla inn 400-500 sekker med plastemballasje på ruta onsdag 27. januar.

Fitjar er prøvekommune i SIM sitt plastinnsamlingsprosjekt. Det er friviljug for abonnentane å vera med. SIM ynskjer å finna ut om abonnentane vil sortera ut plast, og om dei er viljuge til å betala meirkostnaden med å få plasten henta heime hos seg. Vil dei det, kan plastsortering frå 2011 bli eit permanent tilbod i alle dei sju kommunane som eig SIM.

 

Samtlege husstandar i Fitjar, ca 1 200, fekk i løpet av dei to første vekene i januar utdelt sekker til å samla plastemballasje i. Til no er det kun 28 som har meldt frå at dei ikkje ynskjer å vera med på prosjektet.

 

SIM samlar inn plasten kvar fjerde veke (vekene 4, 8, 12 …). Alt som vert samla inn vert sendt vidare til Tyskland for sortering og gjenvinning.