Den 25. Siddis konkurransen av stabelen vart arrangert i Stavanger i helga. Fitjar Musikklag deltok for 6. gong, og det er like kjekt å reisa kvart år, fortel leiar Kitty Træet til Fitjarposten.no Kitty fortel vidare at det i  forkant av denne helga er mykje øving og konsertar, men det viser seg gong  på gong at det er viktig.  Publikum set pris på å høyra god  korpsmusikk. I år hadde dirigent, Per Olav Paulsen, plukka ut eit repertoar som bestod av Frelsesarmè-musikk.

Dommarane sa at det var musikk som passa korpset veldig bra. Fitjar Musikklag spelar i 3. divisjon, og fekk ein solid 9. plass med 94 poeng (88 for speling og 6 for programval). Totalt oppnåeleg er 100 for speling og 10 for programval.  

Rosendal Musikklag, som i år hadde Torstein Hatlevik med seg som dirigent, kom på 15. plass. Manger Old Star (tidlegare medlemmar av Manger Musikklag ) vann 3. divisjon  med stor margin. Dei fekk 104 poeng. 5 poeng meir enn korps nummer 2.  

Det var totalt 18 korps med i 3. divisjon. I år var det elles  rekordoppslutnad blant korpsa. Totalt var det 51 korps med, fordelt på Elite-, 1.,-2.-, og 3. divisjon. 

Øvrige resultat:

2.divisjon:
6.plass: Sagvåg Musikklag med Håvard Kroka som dirigent
9. plass:Stangaland  Brass  med Jan Magne Olsen som dirigent
Jølster Musikklag frå Sogn deltok for fyrste  gong og vant 2. Divisjon.
Det var totalt 10 korps med i 2. divisjon.

Sola Brass Band vant 1. divisjon og Eikanger–Bjørsvik Musikklag vant Elite-divisjonen. 

-Eg vil takka alle musikantane,  og Per Olav i Fitjar Musikklag for ein fantastisk  innsats og ei flott helg. seier Kitty til slutt.