I følgje Kunnskapsløftet skal elevane i ungdomsskulen vera med og "planleggja og gjennomføra turar ute til ulike årstider, medrekna overnatting ute". Derfor valde lærarane Elin Lohne og Helga Braathen ved Rimbareid skule å ta 9.-klassingane med seg frå Dalshaugane gjennom Sølio og over til Lundarstøl. Der overnatta dei i telt natt til onsdag.

Tysdag morgon møtte 31 ungdomsskuleelevar opp på parkeringsplassen på Dalshaugane for å ta seg over fjellet til Lundarstøl. Ein del av foreldra tok med seg telt, soveposar og annan ekvipasje for å kjøra den rundt, slik at me kunne gå med lett oppakning.

Vêret var ideelt på turen – lettskya og ikkje altfor varmt i den lette brisen. To skikkelege pausar var nok for denne spreke gjengen; mange kunne nok tenkt seg å springa over fjellet på eit par timar. Om dei hadde fått lov. Men så var det å finna vegen, då … Første pausen var på Hammaren i Sølio. Så gjekk ferda vidare på nordsida av Ytste og Inste Sølivatnet før det bar oppover til ny pause på Sølileitet. Derifrå bar det strake vegen på austsida av Tysevatnetnet, ned Tyseskaret og ned til Lundarstøl.

Her møtte foreldra opp med bagasjen. Erfaring frå Speidaren kom nok vel med då lavvoen skulle setjast opp… Godveret varte til me var nesten ferdige med grillinga. Men i 8-tida om kvelden sette det inn med regn – og mygg!! Dette varte til 5-tida onsdag morgon, og la nok ein viss dempar på stemninga både inni og utanfor telta. Men morgonen var bra, slik at me fekk pakka og rydda i opphaldsver. 

Ungdommane viste seg å vera i meir enn god nok form til ein slik tur – rundt 4 timar tok det før alle var velberga over. Men ikkje alle hadde ro og tolmod til å nyta det naturen har å by på. Derfor er det nok på sin plass at Kunnskapsløftet ber skulen ta ansvar for å gi ungdommen naturopplevingar.