Turen opp til Mehammersåto på rundt 750 m.o.h., er ein lang og tøff tur, sjølv for dei unge og spreke. Difor blir me rett og slett imponert når me får høyra at 87-år gamle Ingolf Strand tok turen i langhelga. -Fin tur, seier han til Fitjarposten.no

-Eg og sonesonen min, Ingve, gjekk i frå Børtveit og brukte rundt to timar opp. Oppstigninga hadde eg ikkje nokon problem med.
Men turen ned igjen tok hardt på låra, seier fitjarbuen som ikkje har mange år igjen før han rundar 90.

Han fortel elles at han har halde seg i form med gardsarbeid, heilt til no. -Så når det er slik at eg ikkje arbeider på garden lenger,  passa det jo bra med ein skikkeleg fjelltur, smiler Ingolf Strand til slutt.

Prestasjonen til Ingolf vert rost av ein fjellvand kar som Karl Gloppen. -Å gå frå Børtveit som ligg på 40 m.o.h. til Mehammersåta er ei stigning på over 700 meter.  -Å gå denne turen på to timar er svært raskt, og heilt imponerande av ein 87-åring, kommenterer han.