Tidlegare har Statens Vegvesen gått ut med at fartsgrensa i Bømlafjordtunnelen vert 50 km/t ein periode frametter. No skriv dei på Facebook at «Fartsgrensa i Bømlafjordtunnelen blir endra til 80 kilometer i timen no i påsken».

 

Fartsgrensa gjeld frå i dag, tysdag, klokka 11.00 og fram til måndag 2. påskedag klokka 22.00.

Når Vegvesenet tidlegare ville halde på 50 km/t, var det på grunn av at det står maskinar i tunnelen. Men no står det berre to maskinar igjen, og dei er godt markerte og står eigentleg utanfor vegbanen. 

Vegvesenet meiner såleis at dei ikkje hindrar eventuell evakuering av tunnelen. Alt sikkerheitsutstyr verkar som normalt.

– Men køyr forsiktig – og god påske, skriv dei på Facebook.