Onsdag 26.mars tok 7. klassane ved Rimbareid skule turen til Bergen for å besøkja Vil-vite-senteret og elles kosa seg med pizza! Gjett om det vart kos?

Glade elevar stod på fergekaien i Halhjem og smilte stort. Ja, endå lærarane hadde store smil om munnen. Me gjekk bort til ei av dei sprudlande jentene og spurde kvifor dei var så glade.

"Me har hatt ein SVÆRT kjekke dag!" kom det raskt frå den eine av dei- som heitte Jeanine Tharaldsen."Kva var det som var så kjekt då?" spurde me.

"Me har ete pizza og besøkt Vil vite-senteret."

"Kva senter er det?"Det er eit teknologisenter der du går rundt og testar ut KULE ting!" kom det raskt frå Jeanine. "Kva likte du best då?" spurde me og kjende at blyanten var klar til å skriva om denne kjekke opplevinga."Eg likte best motorsykkelen som var der. Det var kjempegøy å bala med den. Dersom du sat på den og skrudde på gassen, kom det luft i fjeset og håret stod rett bakover. Kjempeløye!" "JEANINE!" ropa ei jente som kom springande."No kjem ferga!""Har du og hatt det kjekt i Bergen?" skundar me oss og legg inn."Ja , det var så kjekt å testa ut alle tinga som var der!" "Kan du raskt nemna nokre av desse tinga for oss?"

"Ja, det var ein sykkel som sykla opp ned i ein ring, hoppetau som gjekk av seg sjølv, verstudio der me laga vår eiga vermelding på fjernsyn, hopping i sakte kino, og ein stad der me snakka med kvarandre på svært lang avstand……og masse masse meir! Men no må me gå om bord! Ha det bra! ropa jentene og sprang av garde!"

Joda , me skjøna at dei hadde hatt ein kjempekjekk og annleis dag!