Øyvind Skålevik opplyser at den siste finteljinga syner 75 godkjende idrettsmerke i Fitjar i fjor.

Eit stort bidrag ytte dei tilsette hos Odd Larsen AS. Etter Larsen-leikane i haust var talet på merketakarar kome opp i over 50. Og som vanleg blei det gjort eit krafttak i romjula for å samla etternølararar. Som hadde tenkt å ta i drettsmerket, men som ikkje hadde fått bestemt seg for når. Om lag 15 blei med på sluttspurten nyårsaftan.

No fortel Øyvind Skålevik at dei siste tala frå krinsane har kome inn, og at det endelege talet altså er 75. Han ber på nettsida til Fitjar Idrettslag om at den enkelte sjekkar lista over dei som har teke idrettsmerket. Den som saknar seg sjølv på lista, eller ser andre feil, kan gi beskjed til idrettsmerkenemnda eller til oskalevik@gmail.com.

http://idrett.speaker.no/organisation.asp?id=25240