Under ein fotosafari i Fitjarøyane i føremiddag møtte me på padlarar med følgjebåt som gjorde TV-opptak. Det synte seg å vera TVNorge sitt populære «71 grader nord» som filma i Fitjar.

Produsent Rune Biseth fortel til fitjarposten.no at dei i dag jobba med det 7. programmet i den nye «71 grader nord»-serien som kjem på TV i haust. Programmet dei gjorde opptak til i dag vert sendt  slutten av oktober.

Så mykje kunne ikkje deltakarene seie, og me måtte sladda biletet av dei, så ikkje folk skal vita kven som er gått ut eller ikkje når ein kjem til program sju. Når dei kom til Fitjar var dei halvveges i opptaka, og det var 10 deltakarar igjen. Men at dei syntest det var fint å padla i Fitjar, kunne me trygt gå ut med, fekk me vita. Det er Nordisk Film og TV AS som gjer opptaka.

Meir i papirutgåva som kjem på fredag.