Fitjar Idrettslag fekk registrert 70 idrettsmerke i 2012, skriv Øyvind Skålevik i merkenemnda.

Oppteljinga for 2012 stoppa på 70 idrettsmerke, som er ein nedgang på 20 frå året før. Talet må likevel seiast å vera imponeranede på ein relativt liten plass som Fitjar.

Øyvind Skålevik reknar med at han har fått inn alle resultata no. Men om det skulle vera nokon som har registrert resultat frå eit stemne eller anna som kan brukast, kan dei ta kontakt med Fitjar Idrettslag.

På heimesida til Fitjar Idrettslag kan du lesa om du er blant merketakarane i 2012.

Dersom du ikkje finn namnet ditt, kan du gå i gang med treninga, slik at du klarer merket i 2013.