7-fjellsturen på langs av Fitjarfjellet nærmar seg med 7-milssteg; det same gjer 4-fjellsturen som også går av stabelen førstkommande laurdag.

Først ute må dei vera som skal gå den lengste turen. Det er frammøte ved Fitjar kultur- og idrettsbygg klokka  07.45. Her vil det bli råd å få haik for dei som ikkje har bil denne dagen. Så går turen til grendahuset Osternes skule, der det er råd å parkera på skuleplassen. Avmarsj mot fjellheimen blir klokka 08.00. Dei som satsar på 4-fjellsturen, må møta ved Fitjar kultur-og idrettsbygg klokka 11.45, for transport til grendahuset i Osternes.

For begge turane gjeld at alle deltakarane går på eige ansvar. Det gjeld å kle seg, og ikkje minst sko seg, etter forholda. Om vêrmeldingane slår til, vil det ikkje bli behov for så varme klede. Men det er viktig å tenkja på fottøyet; det er ein lang tur, og det er svært vått i marka. Elles er det naturlegvis viktig å ta med god mat og drikke, og godt humør.

Spesielt for den lange turen gjeld at ein må tenkja på om ein klarer heile turen. I løpet av dei første to tredelane av denne turen er ein aldri lenger enn ein time vekke frå bilveg, og det er fleire sjansar til å «feiga ut» dersom det begynner å butta imot. Ein naturleg stad å trekkja seg er ved Svartavatnet etter tre-fire timar. Då er det berre å følgja bilvegen ned forbi vassverket til Rimbareid. Siste sjanse til å tenkja seg godt om er ved Botnavatnet rundt ein time seinare. 

Det er er nok herfrå og inn turen kan bli tung for den som tviler på seg sjølv, og no blir avstanden ned til «folk» noko større. På Inste Klovskar og i Kongsskogen er me litt lenger utanfor allfarveg. Turen opp frå Kongsskogen til Melssåto blir den tyngste delen av turen. Her er det ikkje sti, og det eine hjortetrakket er gjerne like godt – eller dårleg – som det andre. Det er merkt ein trasé langs hjortetrakk gjennom skogen og oppover i ope lende til ei gate som er klipt i brakjen. Det gjeld å halda kursen mot høgaste toppen av Melen, og sjå etter plastflingser i trea til ein når opninga i brakjen.

Etter kvart som folk kjem ned til Dalshaugane, må me hjelpast åt med transport ned til Fitjar kultur- og idrettsbygg. Der blir det frukt og drikkevarer å få kjøpt, og høve til å dusja i garderoben. Vidare vil det bli uttøying under leiing av fysioterapeut Kari Raunholm. Før turen går vidare til Fitjar Fjordhotell og kjøtgrytene deira. Her vil det vera ein rikhaldig buffet, med fårikål og mykje anna godt.