Det vert 7-fjellstur på Fitjar på søndag. Sjå annonsetekst nedanfor.

7 fjellstur i Fitjarfjedlet søndag 29. september

Ein gjeng har tenkt å gå frå Dalshaugane kl. 8.00 søndag morgon, med retur til same stad, vil du vera med? Møt gjerne opp! Turen er uorganisert, tempoet ein vel, er opp til kvar enkelt. Vel ein å hoppa av eller på undervegs, ligg forholda til rette for det, her det mange ulike val, alt etter form og interesse, viktigaste av alt: ein tur i vårt vakre fjedl.

Fylgjande førehandsreglar ligg til grunn for denne turen og forsåvidt ferdsle i fjedlet elles og:
• Kjenn din eigen form (og begrensning)
• Fottøy med god støtte og solide sålar.
• Gå minst 2 i fylgje
• Kart eller GPS for området
• Ryggsekk med Nistemat og klær til bruk dersom forholda skulle endra seg undervegs.
• Kvar enkelt er ansvarleg for eigen sikkerhet og varsling dersom det skulle oppstå problem undervegs.

Turen starter frå Dalshaugane og er ca 25 km lang. Gå langs traktorveg til yste Sølivatnet, følg sti til TOPP 1 MELEN 499 moh.

Ned via merka sti til vestre ende av Klovskarvatnet, opp merka sti til TOPP 2 KLOVSKARFJEDLET 555 moh.

Ned merka sti til vegskilje i Klovskar, føl dårleg merka sti (ar) til møte med merka sti som kjem ned frå Mehammarsåto, via TOPP 3 KONGSKOGBRUNENE 525 moh og TOPP 4 (Fitjars høgste punkt) LITTLASÅTO 676 moh.

Når ein møter merka sti som går frå Heio til Årskog, føl denne til høgdedrag over Djupatjødnane, ta mot TOPP 5 GRØNAFJEDLET 623 moh, vidare mot TOPP 6 TINDANE (Tindaslottet) 596 moh.

Frå Tindane går turen litt på kryss og tvers til nordre enden av Mosavatnet og vidare til nordre ende av tjødn som ligg vest for vatnet, her møter ein stien som kjem opp frå Kjeringeskaret, følg den i bratt stigning opp på Kidno, godt merka sti til ein av dei to valfrie toppunkta på TOPP 7 KIDNO 571 moh.

Godt merka sti frå Kidno ned til utgangspunktet på Dalshaugane.

VEL MØTT OG GOD TUR! (utan for T merkja, er ikkje ruta merkt)

NB! Dersom P-plass ved Dalshaugane skulle bli full, ikkje parker langs vegen!! men nede ved saga. PS! Skriv gjerne ut kartet og ta det med.