Fitjarposten har vore med og gått opp ruta til haustens vakraste eventyr – 7-fjellsturen på langs av Fitjarfjellet.

Turen startar ved Osternes skule, og går oppom sju fjelltoppar i Fitjar før ein avsluttar på Dalshaugane.
Dei sju toppane er Landasåto, Handfjellssåto, Fitjarsåto, Midtfjellssåto (Beinatjønnsvarden), Kidno, Inste Klovskar og Melen.

Topp 1 – Landasåto 366 m o.h.
Osternes skule – Landasåto: Ein times roleg tur på godt merkt sti via Stormyr opp til varde på Landasåto.

Topp 2 – Handfjellsåt0 465 m o.h.
Landasåto – Handfjellssåto: Dårleg merkt sti mot Handfjellssåto.

Topp 3 – Fitjarsåto 403 m o.h.
Handfjellssåto – Fitjarsåto: God, men dårleg merkt sti ned til Stubhaughytta, følg sti derfrå via demning på Kyrkejvatnet vidare mot vest til vegskilje merkt Fitjarsåto, følg sti mot varde på toppen.

Topp 4 – Midtfjellssåto (Beinatjønnsvarden) 501 m o.h.
Fitjarsåta – Midtfjellssåto: Gå mot vindmålarmasta, via myrar og høgdedrag, dårleg merkt. Følg sti frå mast til varden på toppen.

Topp 5 – Kidno 571 m o.h.
Midtfjellssåto – Kidno: Ta mot sør på toppen, følg merkt sti til sørenden av Svartavatnet, følg dårleg merkt sti opp den bratte lia frå  Svartavatnet til merkt sti langs ryggen på Kidno. Følg merkt sti mot vest til toppen av Kidno.

Topp 6 – Inste Klovskar 555 m o.h.
Kidno – Klovskar: Følg merkt sti frå toppen ned mot vegskilje, følg sti mot søraust til Botnavatnet, ta over elva og følg sti til toppen av Ytste Klovskar og vidare innover til Inste Klovskar.

Topp 7 Melen 499 m o.h.
Klovskar – Melen: Følg sti mot nordaust frå toppen, ved vegskilje ta mot sør, følg sti nedover lia mot Kongsskogen. Kryss elva nede ved utløpet og gå sørvest i retning toppen på Melen. Følg hjortetrakk gjennom brake og andre buskar. Ikkje sti, den tyngste delen av heile 7-fjellsturen, gå rett mot toppen. 
(Alternativ rute: Følg sti mot vest frå toppen over Ytste Klovskar til vestenden av Klovskarvatnet og følg merkt sti mot toppen av Melen.)

Siste etappe: Melen – Dalshaugane. No er det kun undabakkjen att! Følg sti ned mot vestenden av Ytste Sørlivatnet, følg traktorveg mot Dalshaugane. Berekna tidsbruk totalt: 10 timar.   

Turen i si fulle lengd er krevjande, og spesielt tilårskomne deltakarar må vurdera om dei er i god nok form til å vera med. Som kartet syner er ein ikkje så veldig langt frå bygda under turen, bortsett frå dei to siste toppane. Turen skjer på eige ansvar, og dei som er usikre på seg sjølve bør bruka dei gjenståande 30 dagane til å finpussa formen.

Turen startar med frammøte ved Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 1. oktober kl. 08.00 for transport til Osternes skule. Om kvelden vil det bli markering på Fitjar Fjordhotell. Nærmare opplysningar om dette vil koma seinare.