Per Audun Kloster toppar lista over idrettsmerketakarar.

Me har fått det endelege talet på idrettsmerke i 2019 frå ein nøgd Øyvind Skålevik, som rapporterer om 66 idrettsmerke.

Etter at resultata frå krinsane har tikka inn, og den siste finteljinga er ferdig, stoppa talet på 66 idrettsmerke i 2019. Dette er eldsjel Øyvind Skålevik godt fornøgd med. Det har vore ein liten auke sidan 2018r, då talet stoppa på 55, og i 2017 som greidde idrettsmerket i regi av Fitjar Idrettslag.

Av den vedlagde namnelista går det fram at Per Audun Kloster tronar på topp av fjorårets merketakarar, med heile 50 gonger. Dette vil han naturlegvis få merke og diplom frå Norges Idrettsforbund for. Han har likevel eit stykke att til Lars K. Vik, som har teke idrettsmerket heile 62 gonger!

Øyvind Skålevik gler seg elles over at det er ganske mange som har oppnådd andre utmerkingar, som statuett, heiderspris og 40-årsmerke,

– Det ser ut som det er rekordmange som har oppnådd utmerking same året. så det bør liggja godt an til ein kjekk utdelingssermoni i kretsen i år! seier ein oppglødd Øyvind Skålevik.  

Oversikt over idrettsmerke i Fitjar i 2019.