Det er godt at FItjar for lengst har begynt med to konfirmasjonsgudstenester. Om ikkje hadde det vore for liten plass.

Med godt over 400 til stades på gudstenesta i går og mellom 200 og 300 i dag, seier det seg sjølv at Fitjar-kyrkja hadde vore for lita om ein berre skulle hatt ei gudsteneste. No gjekk det bra.

Fitjarposten var til stades på gudstenesta i dag, og fekk med seg ein høgtidsfull og vakker gudsteneste med sentral forkynning.

Kyrkjelydspresten minte både konfirmantane og dei andre tilstadeverande om ein levande Jesus, som etter å ha sona våre synder og stått opp att, er til stades for alle som ber til Han. – Han gjev oss levande vatn å drikke og høyrer når me bed. Om Han ikkje alltid svarar slik me vil, svarar Han alltid til vårt beste, sa kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu, mellom anna. Han illustrerte vidare det heile både med rollespel og treffande lysbilete.

Sokneprest Olav Oma leia det heile. Som vanleg på ein god og trygg måte.