Statens Vegvesen har tydelegvis festa blikket på Stord-øya med fokus på fartsgrenser. Illustrasjonsbilete:Trafikkskilt.no

 I går skreiv me at dei opnar for 80 km/t i Bømlafjordtunnelen i påska. I dag kan me lese ein rapport på vegvesen.no som legg opp til at det skal bli 60-sone heilt frå Rimbareid til 50-sona ved Sagvåg til hausten. -Smale vegar, auka tungtrafikk og påkøyrsle av hjort er noko av grunngjevinga.

-Sett ut ifrå sikkerheitsomsyn, synest eg dette er ein god idè, seier teknisk sjef, Tore Nesbø, i ein kort kommentar.

Andre fitjarposten.no har snakka med er ikkje så positive. Dei meiner det tek lang nok tid å køyre til Leirvik om det ikkje skal ta endå lenger tid.

Dei nye fartsgrensene vil bli gjeldande frå 1. oktober i år.