60 sekker kom inn under innsamlinga av kle til Hjertelag Ukraina på Fitjar i går kveld.

Då fitjarposten.no var nedom parkeringplassen ved Fitjar bedehus, kunne innsamlarane fortelje at folk stod klare og venta med sekker då bussen rulla inn på parkeringsplassen. I går kveld kunne me lese på facebook at Hjertelag Ukraina er svært nøgde med resultatet i Fitjar.

I påsken går sekkene vidare til Malin ved Kiev der dei vil finne veg direkte til folk som treng det som er samla inn.