Det var mange spente fotballinteresserte, både jenter og gutter, som møtte opp på fyrste treninga og mange har nok venta lenge på å kunne setja i gang med fotballtrening.

Martin Nysæter har tatt på seg trenaransvaret og har fått med seg Unni Strand og Jøran Reigstad i trenarteamet.

Martin informerte foreldra før trening om at hovudformålet med treningane var lek med ball. Reglar, formasjonar, etc. kjem etterkvart. Ungane storkoste seg i leken og sjølv om det vart litt knall og fall så såg det ut som alle hadde ein fin opplevelse på den fyrste treninga.
 
Håpar alle møter opp igjen neste onsdag:-)