Ikkje så mange som i fjor, men vekslande vêr klarte likevel ikkje å hindra godt besøk på Hatlevikbasaren i år òg.

Hatlevikbasaren er tradisjon. I år vart han arrangert for 29. gong etter at Rasmus Hatlevik og Salamon Hatlevik, med god hjelp av koner og ein idealistisk dugnadsgjeng, starta opp igjen i basaren i noverande form i 1984.

Så var det òg dette året eit rikt utval av flotte maritime gevinstar, gratis skyss med hurtigbåten Tranen, gratis mat og drikke, andakt og song og musikk.

I tillegg til det samantromla husorkesteret med folk frå forskjellige kristne samanhenger i området, var det Edgar Paulsen som stod for songen denne gongen. I første avdeling framførte han fleire eigne songer til eige gitar- og munnspel-akkompagnement. I andre avdeling kom Jim Reeves på repertoaret. Paulsen har ei stemme som taklar begge delar på ein utmerket måte. Vakkert og velsigna.

Andakten var ved kona Martha, og som sin mann vitna Martha ut i frå eigne opplevingar med Jesus. Alt solid fundamentert i Skriften.

Ausjonarius i år var austevollingen Inge Halstensen, som aldri gløymer at han ein gong tilhøyrde Fitjar. Soleis var basaren svært rik på nostalgi for han. I tillegg til å gjere ein solid jobb som auksjonarius, makta Halstensen òg å få perspektiv på det heile ved å løfte fram bakgrunnen for både basaren, Betelskipet og Den indre Sjømannmisjon innimellom klubbinga.

Samstundes vart auksjonen også i år av det trivelege slaget. Det mangla verken på gode kommentarar eller ditto stemning. Ryfylkingen Jon Helgøy fornekta seg ikkje i år heller. Han presterte òg denne gongen å by over seg sjølv og by fleire tusen kroner for relativt verdilause ting. Så er han heller ikkje på basaren for å skaffa seg rimelege ting, men for å støtte ei sak der overskotet går «i vår Herres lommer» som Inge Halstensen sa det.

Eldsjelene Anne Karin og Salamon Hatlevik, som i lag med Kari og Rasmus Hatlevik har stått i spissen for arrangementet år etter år, har all grunn til å vere nøgd denne gongen òg. Det same kan Z lyd vere. Det hadde som vanleg svært god hand om det som kom ut av høgtalarane.