For at me skal kunne oppretthalda drifta av denne sida, har me sett oss nødt til å be våre lesarar om støtte. 1. oktober avgjer me om Fitjarposten.no skal halda fram. Er 50 kroner for mykje å betala for å kunne lesa daglege lokale nyhende på fitjarposten.no fram til jul? Om brorparten av dei som dagleg er innom sida hadde betalt inn ei slik sum, ville drifta vore sikra ut året.

Det skal altså ikkje så veldig mykje til, og nokon har allereie teke annonsar eller eit ”frivillig nettabonnement”. Mange er det ikkje enno, men alt monnar, og me har von om at fleire vil hiva seg på etterkvart.

Difor minner me igjen om dette, og me legg no ut ein giro i PDF-format som de kan skriva ut om de ønskjer å betala på den måten, slik nokon av lesarane våre har gjort framlegg om.

1. oktober vil me avgjera om me må leggje ned eller ikkje. Men legg me ned, vil dei som har betalt inn få pengane tilbake.
Men me vonar sjølvsagt at interessa for fitjarposten.no er så stor at me kan oppretthalda drifta av sida, og at du som lesar av nettsida vonar det same.

Med vennleg helsing

Helge-Mikal og Håkon


Innbetaling kan skje til:

 
Media Consult AS
Liarhaugvegen 8
5419 Fitjar Posten
 
Kontonummer: 3546.07.04411
Merk. Gåve, Fitjarposten.no

Meir informasjon om innbetaling finn de her

Elles vil me minna om Lesarane sine sider og aktivitetskalenderen Da skjer på Fitjar – kor du kan registrera ditt arrangement gratis.