Dei som vart konfirmert på Fitjar i 1962 feira femtiårsjubileum denne helga og deltok under gudstenesta i Fitjar kyrkje søndag føremiddag.

Mange av dei som vart konfirmert på Fitjar i 1962 var med under 50-årsmarkeringa i Fitjar kyrkje. Gudstenesta starta med prosesjon der både dagens dåpsfylgje og dei festpynta 50-årskonfirmantane deltok. Medan dei jubilerande konfirmantane var godt synlege under gudstensta og vart presentert for kyrkjelyden sat ein del av årets konfirmantar meir tilbaketrekt på galleriet for å delta på ei av sine obligatoriske ti gudstenester dette konfirmantåret.

I kyrkja var det som alltid pynta fint med blomar og oppsatsar. Per Magne Torvund, som er ein av dei som som vart konfirmert i kyrkja her i 1962, gledde kyrkjelyden med flott solosong frå galleriet. Det var sokneprest Olav Johannes Oma som hadde gudstenesta. Dagens preiketekst var henta frå Matteus 5,10-12. Ut frå denne teksten som handlar om forfylging kom presten fram med fylgjande konklusjon:  ja, det kostar å tru, men prisen er betalt, av Jesus.

Det var mykje folk i kyrkja denne søndagen, og kyrkjelyden sette pris på dagens gudsteneste med stort fokus på dåpsbarnet, 50-årsjubilantane og tydeleg Jesus-forkynning.