20. september 1964 blei 46 ungdommar konfirmerte i Fitjar kyrkje. I helga var 25 av dei samla til 50-årsfest.

Martin Hatlevik, ein av 50-årskonfirmantane, fortel at dei starta konfirmanttimane om våren. Kvar onsdag utover våren samlast konfirmantar frå dei ulike krinsane til konfirmantførebuing i kyrkja. Prest den gongen var Einar Tuvin.

Sju av konfirmantkullet frå den gongen er døde, og folk reiste seg i kyrkja medan namna deira blei lesne opp.

50-årskonfirmantane samla seg allereie laurdag kveld i Peraløo, og dei fleste møttest til middag på Fitjar Fjordhotell etter gudstenesta i dag.

Ingressbilete: 50-årskonfirmantar i Fitjar kyrkje i dag, saman med sokneprest Olav J. Oma: Nils Ingmar Hageberg, Harald Hatlevik, Martin Hatlevik, Hermund Henriksen, Magnar Kloster, Sigmund Kverne, Rune Søreide, Henry Ove Sørfonn, Ingebrigt Salmund Sørfonn, Odd Magnar Torvund, Audun Inge Torvund, Thomas Tranøy, Øyvind Tranøy, Annvald Tufteland, Osvald Tufteland, Tore Bjarne Tverderøy, Einar Waage, Liv Herdis Eidet Pedersen, Lill Jenneth Kongestøl Heggøy, Torhild Lunestad Andersen, Ingunn Nesbø Lange, Sigrun Nesbø Klingsheim, Signe Marie Rimmereid Olsen, Målfrid Sætre Aga, Liv Sørfonn Steien. Foto: Kjetil Rydland.